Eidfjord Småbanecup 2021 vert dessverre ikke arrangert.
Etter lang betenkningstid har styret i Eidfjord Småbanecup kome fram til at det ikkje vært arrangert cup i Eidfjord i 2021.
Covid-19 situasjonen er svært usikker og det er umulig å forutsjå kva smittevern reglar som gjeld for Juni 2021.
For å kunne arrangere ein cup som Eidfjord Småbanecup trengst det mange dugnadstimar, folk og økonomiske ressursar. Den øverste leiinga i cupen startar kvar år i januar arbeidet med å planlegge cupen. I år har me bevist valt å utsette oppstart av dette arbeidet, både med tanke på Covid-19 situasjonen og håp om nye ressursar inn i styret.
På styremøtet, 2 februar 2021, vart det einstemming vedtatt at det ikkje vert arrangert cup i år. Det er ikkje med lett hjerte styret tar ei slik avgjer, men med så mange usikre faktorar er det vanskeleg å finne motivasjon for å sette i gang med eit slikt stort arbeidet som kreves.
For styret i Eidfjord Småbanecup er det utenkeleg å kunne klare å arrangere ein fullverdig småbanecup slik som me ynskjer i Juni 2021.
Håpar på forståing for ei slik avgjerd.
Me håpar på mange lyspunkt i månadane framover og håpar det fortsatt gror fotballglede ute blant både små og store fotballvenner.
Me håpar å kunne arrangere Eidfjord Småbanecup i 2022.
09.02.2021
Med venlig helsing
Turneringsleiinga i Eidfjord Småbanecup
v/turneringsleiar Frode Eriksen
Kommentarer